- Det er kjekt at ein butikk som dette opnar i Os. No slepp vi å reisa til byen eller Lagunen for å handla, seier Fridtjof Joys Christensen.
- Det er kjekt at ein butikk som dette opnar i Os. No slepp vi å reisa til byen eller Lagunen for å handla, seier Fridtjof Joys Christensen.

Første mann i kø

Fridtjof Joys Christensen stod klar då TiNi Barn opna dørene før første gong i dag.

– Er barnebutikken noko du har sakna i sentrum?

– Absolutt. Vi ventar vår første i juni, og det er kjekt å sleppa å reisa til byen eller til Lagunen for å handla. Ikkje minst er det viktig å støtta lokale verksemder, seier Christensen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fekk opna tidlegare enn planlagt

Planen var opphavleg å opna 3. april, men då lokale blei klart tidlegare enn venta, valde Tina Lyssand Rød og Nina Oen å opna alt før påske.

– Det hadde vore litt dumt om det stod tomt her no som lokalet blei ferdig tidleg. Vi var heldige som fekk opna før vi tenkte. Vi hadde dessutan lyst til å opna samstundes med naboen i Strikkebutikken, seier Lyssand Rød.

– Det er mykje folk her. Var det kø då de skulle opna?

Strikkebutikken har flytta inn i nytt lokale og opna dørene for første gong i dag. Eigar Ingerid Sværen Samnøy har god grunn til å smila. Her saman med dei tilsette Irene Nilsen og Anneli Piechotta.
Strikkebutikken har flytta inn i nytt lokale og opna dørene for første gong i dag. Eigar Ingerid Sværen Samnøy har god grunn til å smila. Her saman med dei tilsette Irene Nilsen og Anneli Piechotta.
TiNi Barn og Strikkebutikken opna side om side måndag.
TiNi Barn og Strikkebutikken opna side om side måndag.

– Ja, folk hadde sove i telt utanfor, seier Oen og ler.

– Nei, eg berre tullar, men det er kjekt å sjå at det er så mange her.

Det kan verka som at ikkje alle osingane har reist på påskeferie.

– Dei som er på ferie er hjarteleg velkomne innom når dei kjem attende, seier Lyssand Rød.

Kjekt med naboar

Det var også mange kundar hjå Strikkebutikken måndag føremiddag, men det er ifølgje eigar Ingerid Sværen Samnøy, heilt normalt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var også mange innom på føremiddagen i det gamle lokalet. Men det er sjølvsagt kjekt å sjå at det er mykje folk her no også, seier ho.

I det nye lokalet har ho fått betre plass, og det er noko heilt anna enn det gamle lokalet.

– Trur du at det vil koma endå fleire kundar til butikken i det nye lokalet med barnebutikken som nabo?

– Eg er optimistisk, så det vel eg å tru. Det er i alle fall kjekt å få naboar. Det er lenge sidan eg har hatt, seier ho og smiler.