Test deg: No er det ingen grunn til ikkje å testa seg dersom du har symptom på luftvegsinfeksjon, og fram til testresultatet er klart, skal du halda deg vekke frå folk, var meldinga frå Klaus Melf.

Forventar fleire smittetilfelle i dag og i dagane framover

– Det er alvor no, men samstundes har me ikkje ein ukontrollert smittesituasjon i kommunen.

Det sa kommuneoverlege Klaus Melf under pressebriefen tysdag.

– Det er ein spesiell dag i dag. Me har aldri hatt åtte påviste tilfelle på éin dag. Det er alvor no. Samstundes har me ikkje ein ukontrollert smittesituasjon. To av dei åtte tilfella kjem frå utlandet (arbeidsinnvandring) og fire av tilfella kan også sporast til utlandet. I dei to siste tilfella er smittevegen via storby, opplyste Melf.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han meiner utviklinga er som forventa etter juleferien med meir kontakt, reiser til utlandet og arbeidsinnvandring.

– Det er også difor regjeringa kom med nye tiltak søndag.

Han påpeika at det no er innførd digital registrering av reisande frå utlandet. Folk må registrera seg 42 timar før dei kjem til landet, og kommunane får varsling dersom det kjem folk frå land med karanteneplikt. Alle reisande frå utlandet skal testast umiddelbart.

I sist veke vart 300 personar testa i Bjørnafjorden.

– Me kan auka opp kapasiteten dersom det skulle bli behov. Vi kan ta imot 4-5 gonger så mange. No er det ingen grunn til ikkje å testa seg dersom du har symptom på luftvegsinfeksjon, og fram til testresultatet er klart, skal du halda deg vekke frå folk - og ikkje gå på jobb, skule eller i barnehage. Me treng ei rask avklaring på eventuell smitte, for å unngå spreiing, sa Melf.