Fotgjengar påkøyrd av buss

Påkøyrd: Ein fotgjengar vart påkøyrd av ein buss på E39 på Halhjem ferjekai fredag. (Illustrasjonsfoto)

Politiet rykte ut til Halhjem ferjekai etter ei trafikkulukke fredag ettermiddag.

Klokka 15.20 melde politiet på Twitter at ein fotgjengar var blitt påkøyrd av ein buss på E39 på Halhjem ferjekai.

Medan politiet rykte ut, vart det ikkje sendt ambulanse eller brannvesen til staden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den påkøyrde skal ha vore medviten og oppegåande. Hendinga skal ikkje ha ført til trafikale utfordringar.

Derimot er det store trafikale utfordringar på grunn av pinseutfarten.

Les også
Svært lang ferjekø fredag. Står til brannstasjonen på Moberg