Framleis lang kø: Like før kl 18 melde Vegtrafikksentralen om framleis svært lange køar.

Svært lang ferjekø fredag. Stod til Liafjellstunnelen

Stord cup og pinse bruker å bety lange køar på Halhjem. I år var ikkje noko unnatak.

– Eg prata med ein ferjebillettør i stad. Han sa at det byrja å bli kø alt frå klokka 12.00, og klokka 13.00 gjekk første ferje frå kaien utan å få med alle bilane som ønskte å få vera med, fortalde ein lesar til Os & Fusaposten i 15-tida.

Hopa seg opp: Det var svært lange køar på Halhjemsvegen fredag ettermiddag.

I følgje lokalavisas kjelder starta køen ved Halhjem kafé i 14-tida.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me var så heldige at me berre stod ein halv time i kø. Det trur eg ikkje dei som kjem etter oss slepp unna med, sa lesaren.

Vart ståande igjen: Mange bilar vart ståande igjen når 14.40-ferja gjekk frå land på Halhjem fredag.

Oppdatert kl 17.50:

Like før kl 18 var det framleis lange køar på Halhjem. Køen strekte seg då frå Liafjellstunnelen til ferjekaien.

– Lang ventetid må påreknast, var meldinga frå Vegtrafikksentralen like før kl 18 fredag.

Den tradisjonsrike handballcupen på Stord er hovudårsaka til at det vart ekstra trafikkert på Halhjem denne pinsehelga. Cupen lokkar aldersbestemte handballspelarar frå heile Vestlandet. Plussar ein på med vanlege pinse-ferierande som ønskjer seg sørover frå Bergen retning Fitjar, Stord, Bømlo, Haugesund eller lengre, skjønar ein at kapasiteten på sambandet Halhjem-Sandvikvåg vart sprengt denne fredagen.