DEBATT

Framtidstru: I søre luten møtte vi engasjerte bedriftseigarar som har framtidstru og iver. Dei var opptekne av samarbeid for å nå målet om aktive bygder.

Framtidstru i søre luten

No må fokuset vera å leggja til rette for utvikling i Fusa-delen.

Onsdag 19. februar hadde vi i Bjørnafjorden Senterparti besøk av Kjersti Toppe og Hege Eide Vik. Dei er 1. og 3. kandidat til stortingsvallista til Hordaland Sp. Saman med vår eiga Hege Aase Tysnes, 9. kandidat på stortingsvallista, tok vi turen til søre luten av kommunen vår.

Baldersheim

Vi starta besøket hos Sykkelkomponenter på Baldersheim. Der fekk vi høyra historia frå Ørjan Nordtveit om korleis han har bygd opp bedrifta til i dag å vera ein stor arbeidsplass og slik viktig bidragsytar til det gode liv på Baldersheim. 

Det var inspirerande å høyra bygdapatrioten fortelja! 

Han var oppteken av å framsnakka dei gode verdiane i området, men var også svært tydeleg på utfordringane som må løysast.

Engevik

Deretter gjekk turen til Engevik Gaard. Her møtte vi Loren Ditmarsen-Radecka, som er 9. generasjon på den ærverdige embetsmannsgarden. Loren viste oss rundt og fortalde om drifta si og samarbeidet med bedrifter i området. 

Det er gjort eit omfattande restaureringsarbeid, eit arbeid som vil halda fram vidare, for mange gamle bygg krev sitt. Loren har planane klare, og iveren for å skapa nye tilbod er stor.

Fokus i begge besøka var framtidstru og ynske om samarbeid og såleis styrkja vekstgrunnlaget for heile området.

Ny arealplan

Det er viktig at vi som kommune klarar å støtta opp under bedrifter som ynskjer å satse vidare. No skal vi inn i arbeidet med arealplan for heile kommunen. Frå Bjørnafjorden Sp si side har vi vore tydelege på at vi ynskjer å ha mest fokus på Fusa-delen av kommunen. 

Det er nyleg laga arealplan for Os-delen av kommunen, såleis burde fokuset no vera å leggja til rette for utvikling i Fusa-delen.

I samfunnsplanen til kommunen har vi sett mål for korleis det skal vera å bu og leva i Bjørnafjorden. Målet er: det gode liv for alle. Arealmålet for bygdene er: Vi skal ha livskraftige og berekraftige tettstader og bygder med sentrale fellesskapsfunksjonar og møteplassar. 

Dette har alle politikarane i Bjørnafjorden stemt for. Så er det sjølvsagt litt ulikt mellom partia korleis ein vil løysa dette.

Kjersti Toppe, Hege Eide Vik
Bjørnafjorden Sp

Bustadområde

I sist kommunestyremøte utfordra Terje Sperrevik (Sp) Bjørnafjorden Utviklingsselskap (BUS) og formannskapet – som er formell eigar av BUS – om dei kan vera med på å utvikla bustadområde i Fusa-delen av kommunen.

For oss i Bjørnafjorden Sp er det klart at vi må satsa på livskraftige og berekraftige tettstader og bygder i heile kommunen. I søre luten møtte vi engasjerte bedriftseigarar som har framtidstru og iver. Dei var opptekne av samarbeid for å nå målet om aktive bygder.

Kjersti Toppe og Hege Eide Vik fekk sjå og høyra mykje om Bjørnafjorden denne dagen, vi var innom tema som arealplanarbeid, storleik på kommunen, korleis vi ynskjer å ta heile kommunen i bruk, og samferdsle – både veg og ferje.

Takk for besøket til alle, det er kjekt å få visa fram Bjørnafjorden – og ikkje minst høyra bygdapatriotar med gode tankar om utvikling og det gode liv for alle.

 Dina Lervåg

Hege Aase Tysnes

Helge Andersen

Bjørnafjorden Sp

 

 

 

Powered by Labrador CMS