Ta avstand: Etter ei hending tysdag kveld ber politiet folk ta avstand frå slik køyring.

Frårår å driva med slikt: - Det kan fort skje ei ulukke

Ein 18-åring slapp unna med åtvaring, men politioverbetjent Anne Lyssand fortel at det ikkje var langt unna anmeldelse.

Klokka 23.41 tysdag vart patruljen merksam på ein bil som svinga fram og tilbake i køyrefeltet. Dei følgde etter bilen frå Hagavik Hjemmebakeri til Kiwi på Moberg og vidare ned Mobergsbakken.

— Han svinga frå side til side, og heldt på med «tullekøyring», seier Lyssand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då førar tok begge hendene av rattet ned Mobergsbakken og det kom køyretøy i mot, stansa patruljen han.

18-åringen vart konfrontert med køyringa og fekk ei skikkeleg skjennepreike av politiet. Han la seg flat og lova å ikkje gjenta det.

— Han fekk ei åtvaring, men hadde det vore meir alvorleg, hadde det blitt meldt. Med tanke på at det var eit køyretøy i motsett felt, var dette alvorleg nok, og det kan fort skje ei ulukke, seier Lyssand.

Ho frårår å halda på med slik køyring, og håpar at alle tek avstand frå det.

— Slik køyring må berre slåast ned på. Det kan fort bli alvorleg og farleg, seier Lyssand.