Køyrde i lyktestolpe: Kvinna som køyrde i lyktestolpen på Moberg er fråteken sertifikatet medan saka vert etterforska.

Fråteken sertifikatet medan saka vert etterforska

Det var ei kvinne i 70-åra som køyrde i ein lyktestolpe på Moberg tysdag føremiddag.

Kvinna har no fått inndrege førarkortet, medan politiet etterforskar saka.

Les også
Bil har krasja i lyktestolpe på Moberg

Etter det Os & Fusaposten kjenner til hadde bilen framfor kvinna stansa for fotgjengarar i overgangsfeltet, og kvinna i bilen bak måtte gjera ein unnamanøvar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Meldt for manglande førarkort

Ein bilist i 20-åra vart tysdag føremiddag stoppa i nærleiken av Os sentrum av patruljen til Bjørnafjorden lensmannskontor. Mannen kunne ikkje visa til gyldig førarkort. Saka er meldt.