Frida Vist er klar for sin først tur med «Kveldsvakten» i Bergen. Den 32-årige firebornsmoren frå Os gler seg til å hjelpa rusmisbrukarane ved Straxhuset på Laksevåg.
Frida Vist er klar for sin først tur med «Kveldsvakten» i Bergen. Den 32-årige firebornsmoren frå Os gler seg til å hjelpa rusmisbrukarane ved Straxhuset på Laksevåg.

Frida følte seg kalla

Ho kom tilfeldigvis over «Kveldsvakten»-sida på Faceook torsdag. I kveld er Frida Vist på veg til sin første tur med omsorgsgruppa for rusmisbrukarar i Bergen.

Ein skal ikkje sjå bort i frå at TV2-programmet «Petter uteligger» har gjort ein del med det norske folks oppfatting av rusmisbrukarar og andre menneskeskjebner som av ulike grunnar ikkje har ein fast heim å gå til.

Frida Vist har alltid engasjert seg i å hjelpa folk som har det mindre bra enn ho sjølv. Likevel vedgår ho at dette med å hjelpa uteliggjarar kanskje kom ho nærare for hjartet etter å ha sett programmet på TV2.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er bra visst det programmet har fått opp augene på folk og gjort dei meir medvitne på korleis heimlause folk har det. For mitt eige vedkomande kom eg tilfeldig over denne Facebook-sida til «Kveldsvakten», men eg følte meg kalla med ein gong, seier firebornsmora frå Gudrihaugen.

Måtte vera med

Frida Vist har budd i Os i ti år, og har lenge engasjert seg i frivillig-heitsarbeid.

- Eg er med i Os Frivilligsentral og har lett for å engasjera meg for det som skjer i bygda. No derimot, håpar eg på hjelp frå sambygdingane mine. I kveld skal eg nemleg til Bergen for å gå i lag med folka i frivilligheitsgruppa «Kveldsvakten». Med på turen vil eg ha med meg eit godt lass med klede, sko, mat og hushaldningsartiklar og liknande, som eg kan gje til dei heimlause i Bergen, seier Frida.

Initiativtakar til «Kveldsvakten»-gruppa Maybritt Albinda fortel at svært mange rusmissbrukarar overnattar i gangtunellen ved Straxhuset på Laksevåg. Her har ho teke eit bilete av nokre heimesnikra sengar som står plassert der.
Initiativtakar til «Kveldsvakten»-gruppa Maybritt Albinda fortel at svært mange rusmissbrukarar overnattar i gangtunellen ved Straxhuset på Laksevåg. Her har ho teke eit bilete av nokre heimesnikra sengar som står plassert der.

32-åringen er spent før sin første tur, men gruar seg ikkje.

- Faktisk gler eg meg. Eg gler meg til å sjå til folk som treng hjelp. Dei er ikkje farlege. Dei treng berre omsorg og omtanke som alle oss andre, seier 32-åringen.

Gruppa tre gonger i veka. Då går dei rundt i området kring Straxhuset på Laksevåg og deler ut mat, sko, klede og anna naudsynt utstyr som heimlause kan ha bruk for no i vinterkulda.

 

Gode tilbakemeldingar

Då Frida bestemte seg for å vera med «Kveldsvakten» i kveld annonserte ho turen på Facebook-sida si. Laurdag hadde ho fått fleire tilbakemeldingar frå osingar som vil senda med ho klede og utstyr.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Tilbakemeldingane har vore veldig gode. Eg har fått ein del posar allereie, og klokka 14.30 skal eg ned på AMFI Os å møta mange fleire som vil bidra. Dersom folk som les dette, også har lyst å levera nokre posar med klede, er dei hjarteleg velkomne. Me har stor bil, så eg skal no få plass til ein del, seier ho.

Frida har også blitt kontakta av andre som vil vera med på turen.

- Det var ein kar som ville vera med til byen og dela ut utstyret og kleda. Eg ba han ta kontakt med gruppeleiaren, så får me sjå om me vert fleire osingar som blir med på turen i kveld, seier Frida.

 

Små gruppar

Frida kjenner ingen i «Kveldsvakten»-gjengen frå før. Det einast ho veit er at gruppa består av engasjerte folk som ho.

- Eg har forstått det slik at me går i grupper på fire-fem personar. Dersom det er fleire, vert dei me ønskjer kontakt med kanskje engstelege, seier ho.

Initiativtakar til «Kveldsvakten»-gruppa er Maybritt Abinda. Ho kan fortelja at gruppa har 500 medlemer på Facebook-sida, men når det kjem til å vera aktivt med på kveldsvakt-rundane i Bergen, er dei berre ein 10-15 stykk som bidreg.

- Me er veldig glade for alle som vil vera med å hjelpa til. Me har eit mål om å gå tre gongar i veka. Då må me vera litt folk, slik at ikkje ein slit seg ut, for det er kjenslemessig tøft, seier Abinda.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho seier dette om kva Frida vil få vera med på i kveld:

- Me konsentrerer arbeidet vårt kring området rundt Straxhuset på Laksevåg. Det er der dei fleste rusavhengige utan fast heim held til. Som de sikkert har sett både på «Insider»-programmet på TV Max eller på NRK-innslaget med Leo Ajkic er det i undergangen ved dette Straxhuset dei held til, og til og med bur, fortel Abina.

At Straxhuset stengjer klokka 14.00 i kvardagane og klokka 19.30 i vekedagane, er den direkte årsaka til at ho har vald å kalla gruppa nettopp, «Kveldsvakten».

- Når Straxhuset er stengd, har dei ingen plassar å gå før det opnar igjen klokka 09.00 neste morgon. I den kulda me har no er det rimeleg tøft for dei. Difor gjer me det me kan for å sikra oss at dei ikkje frys ihjel, så får me håpa at me på sikt kan vera med og bidra til at dei får meir levelege forhold etter kvart. Politikarane må jo sjå at det er blitt ein uhaldbar situasjon, avsluttar Abinda.