Åtte år gamle Ravi er glad i å kosa og leika med familien Olsvold.
Åtte år gamle Ravi er glad i å kosa og leika med familien Olsvold.

Frykta at Ravi var borte for godt

Frode Olsvold og familien har leita dag og natt etter av Ravi forsvann laurdag. Historia fekk ein lukkeleg slutt, då han ble funnen i eit skogkratt nær heimen tysdag føremiddag.

- Ravi liker seg godt ute, så vi plar ha han i band ute ved garasjen. Der kan han krypa under og gøyma seg om det regner, seier Frode og held fram:

- Men så synest han det er grådig kjekt å stikka av. Dette har skjedd før, men han har aldri gått langt, og han har kome raskt til rette.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Korleis har desse dagane vore?

- Det har vore tøft. Han er ein del av familien. Ein forstår ikkje kor mykje hundane betyr før dei er borte. Det har blitt mykje leiting og lite soving dei siste dagane, seier Frode.

Høyrde lydar frå skogen

Ravi er ein åtte år gamal irsk setter. Han er glad i merksemd, og går aldri langt frå familien når dei går på tur. Det viste seg at han heller ikkje hadde gått særleg langt då han stakk av laurdag.

Frode frykta det verste etter at Ravi forsvann laurdag kveld. - Vi trudde at noko var skjedd han, eller at han hadde blitt stelt.
Frode frykta det verste etter at Ravi forsvann laurdag kveld. - Vi trudde at noko var skjedd han, eller at han hadde blitt stelt.
Endeleg trygt heime etter å ha budd i nokre buskar i skogen i eit par dagar.
Endeleg trygt heime etter å ha budd i nokre buskar i skogen i eit par dagar.

- Han blei funnen i den skogen nærmast huset, seier Frode og peiker ut vindauget.

- Eg skulle køyra kona til jobb i dag tidleg. Då høyrde eg nokre lydar frå skogen, og eg var sikker på at det var Ravi. Eg sprang ned i skogen, men eg fann han ikkje.

Var ikkje langt unna

Samstundes som familien leita, engasjerte fleire seg via Facebook. Ei kvinne tilbydde å låna bort ei tispe som har løpetid, i håp om at det kunne lokka Ravi fram.

- Vi hadde nesten gitt opp håpet. Vi trudde at noko var skjedd han, eller at nokon hadde stole han, seier Frode.

I formiddag kom Frodes foreldre ut for å hjelpa til i leitinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg sa til far at eg hadde høyrt nokre lydar frå skogen, og at eg var sikker på at det var Ravi. Då eg skulle køyra for å hente tispa, fann far Ravi. Han var ikkje langt inne i skogen, fortel Frode.

Letta og glad

Det er tett skog i området, og Ravi satt fat i nokre buskar.

- Eg leita der far fann han, men Ravi må ha lege heilt stille då eg var der. Han trudde kanskje at eg såg han, men det gjorde eg jo ikkje, seier Frode.

Ein letta og glad Frode er takksam for all hjelp familien har fått desse dagane.

- Det har vore utruleg fint med all den hjelpa og støtta vi har fått. Tusen takk, seier Frode.