Prosjektsjef Tor Inge Døsen var ute for å sjå kva som hadde skjedd.
Prosjektsjef Tor Inge Døsen var ute for å sjå kva som hadde skjedd.

Fryktar eit lengre straumbrot

Gravearbeid i sentrum har ført til at straumen er vekke i delar av sentrum, Prestegardsskogen, Kuventræ og Varåsen.

Då Os og Fusaposten snakka med arbeidarane utanfor kontorvindauga, kunne dei ikkje seia kor lenge straumen kom til å vera borte.

- Om vi har kutta berre ein kabel, kan det vera snakk om ein halvtime. Er det to eller fleire kabler, er det ikkje godt å seia kor lang tid straumen vil vera borte. Kanskje heile dagen, sa dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

 

BKK: 1056 kundar råka

Sjølv om straumen kom tilbake i delar av sentrum rundt kl 9 fredag, kan Anne Mette Tuvin opplysa om at fleire andre framleis er råka. 

- 1056 kundar er til saman råka i Os. Det ser ut til at gravearbeidet i Os sentrum førte til straumbrot også andre stader. Det er snakk om følgjefeil der straumbrotet har gjeve følgjefeil andre stader, seier ho.

Ifølgje BKK er både området mellom Prestegardsskogen, Varåsen og Kuventræ råka. Ca 900 kundar er råka her. Rundt kl 11 er det venta å vera fiksa, men Tuvin seier at det kan gå lenger tid også.