Luranetunet: Smittetilfellet har samband med utbrotet ved Luranetunet. Foto: Torgeir Holme

Fullvaksinert mann i 80-åra fekk påvist smitte

Kommunen melder om eitt nytt smittetilfelle.

Ein mann i 80-åra fekk påvist covid-19 i sist onsdag. Det skriv kommunen på sine heimesider.

– Mannen er fullvaksinert og husstandsmedlem til eit anna påvist smittetilfelle. Smittetilfellet har samband med utbrotet ved Luranetunet, vert det opplyst.

– Mannen har ingen symptom, kommenterer kommuneoverlege Klaus Melf.