Det var ingenting å seia på leselysten til elevane på opningsdagen.
Det var ingenting å seia på leselysten til elevane på opningsdagen.

Fusa skule har fått bibliotek

Det var stor stemning då Fusa skule hadde høgtidleg opning av nytt skulebibliotek. Alle dei offentlege skulane i Fusa har no fått bibliotek.

Fusa kommune har hatt eit eige prosjekt over fleire år med oppbygging av skulebibliotek ved dei offentlege grunnskulane, opplyser kommunen på sine heimesider.

Fusa skule er sist ut, og har no fått på plass eit eige bibliotek med automatisert utlån og ei oppgradert boksamling.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er biblioteksjef Martine Durban Jahr som har hatt ansvaret for å byggja opp skulebiblioteket.

- Skulen skal sjølv stå for dagleg utlån og drift av biblioteket med hjelp og støtte frå folkebiblioteket, heiter det på heimesida til kommunen.

Rektor Synnøve Ellingsen er i følgje same nettsida strålande nøgd med "eit tiltak som vil inspirera til leselyst og læring".

Biblioteksjef Martine Durban Jahr (t. h.) har hatt ansvaret for å byggja opp skulebiblioteket.
Biblioteksjef Martine Durban Jahr (t. h.) har hatt ansvaret for å byggja opp skulebiblioteket.