Rebecca Gjuvsland Skjelnes (18) og Sunniva Brendehaug (17) vann kvar sin konkurranse i regi av Hordaland fylkeskommune, om førstesidene på årets skulekatalogar.
Rebecca Gjuvsland Skjelnes (18) og Sunniva Brendehaug (17) vann kvar sin konkurranse i regi av Hordaland fylkeskommune, om førstesidene på årets skulekatalogar.

Fusa tok storeslem

Elevar ved Fusa vidaregåande vann i år konkurransane om å få pryda førstesidene på både inntakskatalogen og søkjarhandboka for Hordaland.

Åsa Nord

Artikkelen held fram under annonsen.

asa.nord@osogfusa.no

- Det var overraskande og utruleg gøy å vinna, seier Sunniva Brendehaug (17).

Ho er frå Hålandsdalen og går 2. klasse på studieførebuande med formgjevingsfag på Fusa.

- Om kameraet er ungdomsskulen, så er fuglane alle elevane som flyg i forskjellige retningar, fortel Rebecca Gjuvsland Skjelnes (18) om vinnarbiletet sitt.
- Om kameraet er ungdomsskulen, så er fuglane alle elevane som flyg i forskjellige retningar, fortel Rebecca Gjuvsland Skjelnes (18) om vinnarbiletet sitt.
Sunniva Brendehaug (17) frå Hålandsdalen ved sida av vinnarbiletet sitt. Det er eit bearbeidd foto av muren på kommunehuset i Fusa, og symboliserer det å byggja livet stein på stein.
Sunniva Brendehaug (17) frå Hålandsdalen ved sida av vinnarbiletet sitt. Det er eit bearbeidd foto av muren på kommunehuset i Fusa, og symboliserer det å byggja livet stein på stein.

I år vann ho konkurransen om å få pryda framsida på inntakskatalogen, og fekk 4.000 kroner i pengepremie.

- Motiverande

Før ho byrja på Fusa vidaregåande hadde ho ikkje drive noko særleg med teikning eller andre formgjevingsaktivitetar.

- Eg søkte fordi eg hadde lyst på studiekompetanse, men samtidig ha ein kreativ skulekvardag og få bruka hendene ved sida av å ha teoretiske fag, forklarer Sunniva,

Førebels er ho usikker på kva ho vil bli til slutt. Ho har vore inne på tanken om arkitekt, men har på ingen måte tatt noko val.

- Har det påverka framtidsdraumane dine at du vann denne konkurransen?

Artikkelen held fram under annonsen.

- I alle fall er det så absolutt motiverande å sjå at det eg gjer blir likt.

Byggja stein på stein

Sunniva er veldig glad for å ha det ho meiner er ein god vidaregåande skule i heimkommunen.

- Det er bra å sleppa å flytta ut, og spara dei utgiftene til seinare. Her er også utruleg bra miljø. Eg kan verkeleg anbefala skulen, seier syttenåringen.

Biletet ho vann med er av ein steinmur og symboliserer det å bygga livet sitt stein for stein.

Skulen har fleire år vunne ein av dei to førstesidene. Men i år var første gong dei tok storeslem med siger i begge tevlingane.

- Her er mange flinke elevar og lærarane er gode til å rettleia og hjelpa oss, svarer ho på spørsmål om kvifor ho trur kvifor skulen har vunne så mange gonger.

Keramikar og kunstlærar Joy Kvamme er læraren som hadde konkurranseoppgåva med elevane.

Ho kjem forbi når Os og Fusaposten pratar med Sunniva, og har eit kontant svar på same spørsmålet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det seier seg sjølv. Vi er flinke her! Dei er dyktige, elevane våre. Eg såg med ein gong at Sunniva hadde ein god idé. Biletet er både estetisk og fint - og med innhald.

Vann med flygande flokk

Rebecca Gjuvsland Skjelnes (18) frå Varaldsøy er den andre vinnaren og fekk biletet sitt på framsida av Søkjarhandboka for 2016.

Ho går 3. klasse på Studiespesialisering med formgjevingsfag og deltok i konkurransen i fjor også.

- Læraren meinte vi burde ha ein bodskap som symboliserte vegen vidare. Kva ein skal velja. Eg følgde rådet hennar til ein viss grad.

Vinnarbiletet hennar er av ein fugleflokk som flyg ut av kameraet til ei ung jente.

- Om kameraet her er ungdomsskulen, så er fuglane alle elevane som tek mange forskjellige vegar derfrå.

Godt å ha med

Premien for førstesidebiletet er på 4.000 kroner.

Rebecca har sett pengane på sparekonto, og lèt seg inspirera av at ho vann. - Det var veldig gøy å vinna. Eg har vurdert å gå vidare på grafisk design neste år. Då kan dette vera godt å ha med seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Føler du at det blir eit ekstra puff for å halda fram med kreative fag?

- Ja, for det må jo vera bra det eg leverte når eg vann.

Ho har alltid likt å teikna for hand. Men etter at Rebecca byrja på studieførebuande med formgjevingsfag har det blitt meir og meir grafisk design på PC'en.

Truleg blir det å søkja seg inn på Høgskulen Christiania etter vidaregåande. Eit val som ikkje var opplagt for nokre år sidan.

- Eg visste ikkje kva eg ville før eg kom hit. Men det har falle på plass undervegs.