Hamna utanfor vegen: Ulukka skal ifølgje tipsar ha skjedd i 10-tida.

Gåssandvegen stengt på grunn av ulukke

Ein lastebil har køyrt utfor vegen.

Os & Fusaposten fekk tips om ulukka like før klokka 12.

Bergingsbil var då på plass for å få opp lastebilen, men ifølgje tipsar kan det framleis ta nokre timar før lastebilen er fjerna.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg skulle forbi rett før klokka 12, då hadde bergingsbilen vore der ei god stund allereie. Eg vart fortalte at det framleis kunne ta fleire timar, fortel tipsar.

Han var på veg på verkstad med bilen, men måtte snu.

– Vi er mange husstandar som ikkje kjem seg nokon plass. Vi får håpa at ingen treng helsehjelp medan dette pågår, påpeikar han.