Christian Fotland og Lisbeth Axelsen tok i mot gåva frå Solstrandveien AS. Her representert ved Stein Klakegg (dagleg leiar i Obos, som er neststørste aksjonær i Solstrandveien) og Tom Tellefsen.
Christian Fotland og Lisbeth Axelsen tok i mot gåva frå Solstrandveien AS. Her representert ved Stein Klakegg (dagleg leiar i Obos, som er neststørste aksjonær i Solstrandveien) og Tom Tellefsen.

Gav 1.000 historiske hefte til osingane

Eit historisk verk om garden Hauge vart i dag lansert, og overlevert til Os kommune. - Det er ei glede for oss å kunna bidra til at historia blir formidla til nye generasjonar, seier Tom Tellefsen i Solstrandveien AS.

Dei nye bustadblokkene langs Hatvikvegen får namnet Haugeterrassen, etter den historiske garden Hauge som ligg i området. Solstrandveien AS har no finansiert eit hefte om gardens historie, både meint som ei gåve til dei som flyttar inn, og generelt til osingane. Dette vart lansert på Lyngheim i dag, med ei rekkje inviterte gjester frå nabolaget, nærings- og kulturlivet i bygda.

- Viktig historie å ta vare på

Professor em. Svein Indrelid og Nils Georg Brekke har stått for innhaldet i heftet. Resultatet er blitt ei fagleg, men lettfatteleg innføring i bygdas historie med perspektivet frå garden Hauge.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er viktig å ta vare på historia, og ei stor glede for oss at dette heftet kan bidra til det og slik koma samfunnet til gode, sa Tom Tellefsen frå Solstrandveien AS. Han overrekte nokre symbolske hefte av «Hauge - ein god gard ved fjorden» til rådmann Christian Fotland og kultursjef Lisbeth Axelsen, og fortalde at dei hadde trykt opp ca 1.000 til bruk som klassesett, på sjukeheim og til turistinfo.

Hauge gjennom tidene

- Det er uhyre spanande å få vera med på dette, og eg vil takka Solstrandveien AS for det solide bidraget dei har gjeve både til Lyngheim og til osingane, sa Nils Georg Brekke.

Han tok forsamlinga gjennom 12.000 år på 30 minutt, som er det historiske spennet i det nye heftet. Frå jaktfolk til bondesamfunn, til kongsgard, kristning og moderne tid. Gjennom heile historia har Hauge spelt ei rolle, og denne blir fortalt i det Brekke kalla "historia i Vangsgutane-format". Det nye heftet skal vera historisk korrekt, men i eit format som gjer det tilgjengeleg for alle.

Morten Ramstad presenterte dei arkeologiske funna i området.
Morten Ramstad presenterte dei arkeologiske funna i området.
Nils Georg Brekke fortalte frå 12.000 år på 30 minutt.
Nils Georg Brekke fortalte frå 12.000 år på 30 minutt.
Heftet er trykt opp i stort opplag til bruk i klassar, til turistar og andre interesserte.
Heftet er trykt opp i stort opplag til bruk i klassar, til turistar og andre interesserte.

- Gravhaugen som ligg ved Bjørnefjorden gjestetun er ein av dei mest kjende stadene i bygda. Gravlegginga i haug var meint å skulle vera synleg for alle, og det viser at her budde det ein konge. Sjølve namnet Hauge kjem av denne gravhaugen, fortalde Brekke.

Bautasteinen og byggkornet

Arkeolog Morten Ramstad, som har vore med på fleireutgravingar på Hauge, fortalde om kva funn dei har gjort i området i seinare tid. Mellom anna bauta-steinen som vart funnen akkurat der dei nye bustadblokkene kjem, og som skal setjast opp som ein attraksjon i nabolaget.

Han viste også frå dei siste funna ved utgravinga kring Luranetunet, kor det er gjort funn av nokre av dei første spora av jordbruk på Vestlandet. Han viste mellom anna fram eit kraftig forstørra bygg-korn, som han kunne fortelja var 4.000 år gamalt.

- Først har dei svidd av området, deretter brukt det til beite, og så har dei dyrka bygg, fortalde Ramstad.

Boklanseringa vart avslutta med ein sommarlunsj i fri luft.