Tomta der gamle Os barnehage ligg blir lagt ut for sal.
Tomta der gamle Os barnehage ligg blir lagt ut for sal.

Gav fullmakt til omstridd sal

Til protestar frå Ap og Venstre gjekk eit knapt fleirtal gjekk inn for å selja barnehagetomta i Stegen.

Formannskapet skulle tysdag ta stilling til sal av to tomter, den eine iGreidalen og den andrei Stegen. Opposisjonen markerte straks at dei ikkje såg fornufta i å selja den sentrumsnære tomta som omfattar gamle Os barnehage.

- Uforståeleg

- Det er snakk om å etablera 600 nye bueiningar i Os sentrum. Då framstår det som uforståeleg for meg å selja ei tomt som me garantert vil få bruk for til offentlege føremål. Me får ikkje denne tomta tilbake, sa Helge Steinum (Ap).

Artikkelen held fram under annonsen.

Han viste mellom anna til at Stegen bufellesskap er fullt, og at behovet der garantert vil stiga etter kvart som folketalet skal nå 20.000.

Legg opp til meir bilbruk

Jon Sivert Rykkel (V) la til at alternativet til å etablera naudsynte offentlege tiltak på ei tomt som Stegen, vil vera å leggja det på ein mindre sentral stad.

- Det er ein fordel å etablera slikt der folk bur. Då får me ned behov for bilar og transport. Om ikkje anna bør me venta til me ser kva utvikling me faktisk får til i sentrum, sa Rykkel.

Vedtak

Det politiske fleirtalet har gått inn for ein plan som inneber at det skal koma bustadblokker på tomta. Dei endra ikkje ståstad, og vedtok med fem mot fire røyster å gje eigedomsutvalet fullmakt til å selja. Salet av Greidalstomta vart vedteke samrøystes.