Bilen skal ha blitt heva med 15 centimeter sidan førre periodiske kontroll.
Bilen skal ha blitt heva med 15 centimeter sidan førre periodiske kontroll.

Gjennomførte omfattande ombygging av bilen utan godkjenning: Søndag blei det ruvande køyretøyet stoppa

Bilføraren måtte setja frå seg monsteret på kontrollflata.

Då Statens vegvesen stilte seg opp i Hjellemarka søndag kveld, sjekka dei bilbelte-bruk, tungtransport, lette køyretøy og køyre-/kviletid.

– Eitt av køyretøya var så ombygd – utan godkjenning – at det fekk køyreforbod og blei avskilta. Det første føraren kommenterte, var at dekka var altfor store. I tillegg var køyretøyet heva med 15 centimeter. Dette vart gjort sidan førre periodiske kontroll for nesten to år sidan, opplyser Tom Børslid i Statens vegvesen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjekk køyretøyet med jamne mellomrom

Det blei også skrive ut eit førelegg for manglande førarkort og eitt gebyr for blankt dekk som var sliten inn til korden.

– Ein førar kom køyrande i mørket og blei oppfatta som moped/motorsykkel. Det var heilt mørkt på venstre sida, der det mangla både parkeringslys og nærlys. Dette var inn mot midten av køyrebanen. Det blei pålagt køyreforbod og forholdet blir meldt, fortel Børslid.

Fleire åtvaringar blei også gitt. Det gjekk på manglande ABS, handbrems og diverse lys.

Bilføraren skal ha vore klar over at dekka var altfor store.
Bilføraren skal ha vore klar over at dekka var altfor store.

– Det er viktig at lysa på køyretøyet blir sjekka med jamne mellomrom. Det er også viktig å sjekka at parkeringslysa verkar slik at køyretøyet ikkje plutseleg blir mørkt på den eine sida om nærlyset skulle bli defekt.

Ikkje godt nok

Då dei sjekka beltebruk på buss, fann vegvesenet at det på Kystbussen var mange som brukte belte.

– Der informerer sjåførane aktivt om bruk av setebelte, seier Børslid og legg til:

– Når det gjeld rutebussen til Bergen derimot, var bruken langt frå bra.