Rektor ved Fusa ungdomsskule, Maylin Torgilstveit, fortel at elevane på skulen skal leggja ned ein ekstra innsats fram mot jul for å visa at dei bryr seg om andre. Biletet er teke nett etter at ho hadde starta i jobben ved ungdomsskulen.
Rektor ved Fusa ungdomsskule, Maylin Torgilstveit, fortel at elevane på skulen skal leggja ned ein ekstra innsats fram mot jul for å visa at dei bryr seg om andre. Biletet er teke nett etter at ho hadde starta i jobben ved ungdomsskulen.

Gjer ord til handling

Det kan ofte vera lett å seia at ein bryr seg, men «Bry-deg-skulen» Fusa ungdomsskule gjer handling av orda.

- Me er ein bry-deg-skule. Dette vert det jobba grundig med alt frå elevane startar i 8. klasse. Det er lett å seia at ein bryr seg, men det er viktig å gjera ord til handling, seier rektor Maylin Torgilstveit.

Såleis er desember ein viktig månad for skulen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me ønskjer å minna elevane våre på at julefeiringa ikkje berre handlar om å få, men også om å gje, og ikkje minst om å bry seg, seier Torgildsveit.

Elevane skal jobba i heimen

I år skal skulen samarbeida med Robin Hood Huset, og støtta Nordic Choice-hotella sin kampanje «Ensomt juletre søker gaver».

- Måndag 21. desember blir ein jobba-heime-dag for elevane. Der skal dei gjera ulike arbeidsoppgåver, for foreldre, besteforeldre eller andre. Desse arbeidsoppgåvene vil kosta mellom 10 og 50 kroner å få utført.

- 22. desember skal elevane ha med pengane i ein konvolutt, som me skal gje til Robin Hood Huset, seier Torgilstveit.

Samlar inn leikar og klede

Til «Ensomt juletre søker gaver», har elevane fått i oppgåve finna fram leiker som dei er blitt for store til å bruka, eller ikkje lenger treng, samt klede som dei har vakse ut av. Dei skal pakkast inn som ei gåve og merkast med kva kjønn dei passar til, og kva alder.

- Det er ikkje meininga at elevane skal kjøpa noko nytt. Brukt og brukande er supert, seier rektoren.

Robin Hood Huset vert drive av Stiftelsen Robin Hood Huset, og er ein rusfri og livsnøytral møtestad for økonomisk vanskelegstilte og nettverkssøkjande.

«Ensomt juletre søker gaver er ein dugnadsaksjon» på alle dei 175 Nordic Choice-hotella i Noreg, Sverige og Danmark. For kvar gåve som vert samla inn, gjer Nordic Choice 10 kroner til UNICEFs arbeid med å verna born utsett for menneskehandel.