God forståing: - Som ordførar i ein mellomstor kommune har Terje Søviknes god forståing for kva som trengst og kan trykkja på dei rette knappane, meiner Erna Solberg.

– Gler meg til å samarbeida med Terje Søviknes igjen

– Eg kjenner Terje Søviknes som ein ambisiøs politikar som er oppteken av resultat. Eg gler meg til å samarbeida med han igjen, sa statsminister Erna Solberg då ho introduserte dei to ny ministrane i regjeringa onsdag.

Sylvi Listhaug tek over for Kjell Børge Freiberg og vert ny olje- og energiminster, medan Terje Søviknes tek over ministerposten etter Listhaug og vert ny eldre- og folkehelseminister.

Les også
– Trist for Bjørnafjorden, men veldig bra for Noreg

– Søviknes har vore i regjering før og er godt kjend også etter sine svært mange år som ordførar i Os. Her har han jobba mykje med å sikra ei god eldresomorg for innbyggjarane i Os. Desse erfaringane kan han no ta med seg inn i sitt virke som minister, og bidra til eit endå betre samarbeid mellom kommunar og regjering på dette området. Som ordførar i ein mellomstor kommune har han god forståing for kva som trengst og kan trykkja på dei rette knappane, meiner Solberg og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Terje Søviknes blir minister

– Søviknes har også vist eit sterk personleg engasjement for dei eldre, og eg hugsar godt då han tok til orde for Syden-turar for eldre i kommunal regi, der han sjølv var med som reiseleiar på ein av dei fyrste turane.