Vigdis Øvreeide er strålande nøgd med Fjord´n senter-tala for 2016.
Vigdis Øvreeide er strålande nøgd med Fjord´n senter-tala for 2016.

Gode prosentar for Fjord'n senter

På ti år har Fjord'n senter meir enn dobla omsetninga. I 2016 auka dei med 8,3 prosent og nådde nesten 100-millionarsmerket.

I 2007 omsette senteret i Eikelandsosen for 43,7 millionar kroner. I 2016 viser tala ein samla omsetning på godt i overkant av 96 millionar kroner. Auken er stor og gjev gode utsikter for senteret og eigarane i AS Sambygg.

- Me har hatt jamn stigning i omsetninga heilt sidan starten i 1989, men 2016 er blant dei betre åra me har hatt. 8,3 prosent auke frå 2015 er veldig bra, slår senterleiar Vigdis Øvreeide fast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei to åra i førevegen hadde senteret ein auke på 6,6 (2014) og 4,5 i (2015).

Senterleiinga presiserer at omsetningstala utelukkande baserer seg på salet i butikkane.

- Omsetninga for kontora som leiger i bygget, er ikkje medrekna, konstaterer Øvreeide.

Attraktivt senter

Senterleiaren håpar dei siste gode tala viser potensielle nye leigetakarar at det så absolutt vil vera attraktivt å koma inn under taket i Fjord`n senter.

- Ettersom senteret er fullt, haster det no å koma i gang med utvidinga av senteret. Ei utviding vil i endå større grad føra til at me kan gje innbyggjarane det dei treng når dei skal handla. I tillegg vil det skapa fleire arbeidsplassar i lokalmiljøet, seier Øvreeide.

Ettersom dei naudsynte godkjenningane no er på plass, håpar ho at utbygginga av senteret kan starta i løpet av året.

- Kva nye butikkar ønskjer de i nybygget?

- Nei, det får me ta etter kvart. Me er opne for det meste, men det hadde kanskje vore eit supplement til dagens tilbod om me fekk inn fleire klesbutikkar, spesielt ein som selde klede til born og unge, seier senterleiaren.