Sjølv om posisjonen og opposisjonen ikkje har greidd å verta samde om så mykje i haust, meiner ordførar Atle Kvåle (Ap) at det politiske klimaet i Fusa er godt. (Arkivfoto)
Sjølv om posisjonen og opposisjonen ikkje har greidd å verta samde om så mykje i haust, meiner ordførar Atle Kvåle (Ap) at det politiske klimaet i Fusa er godt. (Arkivfoto)

- Godt, politisk klima i Fusa

Posisjonspartia i Fusa, Ap, Frp, KrF og V, har fått kritikk for framferda si i det siste kommunestyremøtet før jul. Ordførar Atle Kvåle (Ap) meiner det politiske klimaet i Fusa er godt.

Camilla Kvamme

camilla.kvamme@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Maktdemonstrasjon, hersketeknikk, stille og ingen debatt er ord som er brukt i lesarbrevspaltene for å skildra situasjonen i kommunestyresalen då skulesaka vart handsama 17. desember.

Kvåle på si side, meiner at det ikkje kunne koma som ei stor overrasking at Ap, og dei resterande partia i fleirtalskonstellasjonen, ikkje kom til å endra meining i skulesaka i det viktigaste møtet i 2015.

- Det er slik demokratiet fungerer. Fleirtalet bestemmer, seier han.

Ordføraren peikar på at Ap, Frp, KrF og V har vore tydelege på standpunktet sitt i skulesaka i lang tid. Han meiner at dei som vart overraska over det som fann stad i kommunestyresalen før jul, umogleg kan ha følgt med i Fusa-politikken det siste halvåret.

- Arbeidarpartiet sa i valkampen at vi ønskte å redusera talet på skular. Folk støtta opp om partiet på grunn av det, understrekar Kvåle.

- Fleirtalet i ryggen

Av ankepunkta lesarbrevskribentane har trekt fram, var mangelen på diskusjon frå posisjonspolitikarane si side.

- Svara finst i sakspapira. Vi kan ikkje gå opp og ned på talarstolen og gjenta argumenta våre til det "kjedsommelege". Posisjonspolitikarane og opposisjonspolitikarane har ulike roller. Det er opposisjonen sitt privilegium å stilla spørsmål ved posisjonen sin politikk, og å utfordra posisjonen, understrekar Kvåle.

Ordføraren seier vidare at det finst ein stor opinion i Fusa som forventar at posisjonspartia gjennomfører den politikken dei gjekk til val på.

Artikkelen held fram under annonsen.

- For oss var difor vedtaket i skulesaka det viktigaste, seier Kvåle.

- Er det noko du ville ha gjort annleis dersom du fekk høve til det?

- Nei, eg kan ikkje skjøna kva det skulle ha vore. I ettertid av møtet har eg fått fleire oppmodingar om å halda fram den kursen vi har staka ut. Lovnadene frå valkampen må omsetjast til handling. Vi har fleirtalet av fusingane i ryggen, seier ordføraren.

- Eit politisk klima

Sjølv om kampen om skulane har vore hard, er ikkje ordføraren uroa for det politiske klimaet i Fusa i åra som kjem.

- Klimaet er godt, men det er eit politisk klima. Å vera usamde om saker er ein del av politikken, understrekar ordføraren.

Det er opposisjonen sitt privilegium å stilla spørsmål ved posisjonen sin politikk.