Tre små nålestikk og jentene er beskytta mot dei virusa som står for flest tilfelle av livmorhalskreft.
Tre små nålestikk og jentene er beskytta mot dei virusa som står for flest tilfelle av livmorhalskreft.

Gratis HPV-vaksinering held fram

HPV-infeksjon er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda og kan i verste fall føra til livmorhalskreft. No held den gratis vaksineringa fram.

Alle kvinner som er fødd i 1991 og seinare fekk frå hausten 2016 tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine) gjennom eit to-årig vaksinasjonsprogram. I Fusa er helsestasjonen på Fjord`n Senter ansvarleg for dette tilbodet.

Førebygging av livmorhalskreft

Vaksinen vert anbefalt til unge kvinner for å førebyggja livmorhalskreft og forstadium til livmorhalskreft forårsaka av HPV-infeksjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

HVP-infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, men nokre får ein vedvarande infeksjon som på sikt kan føra til livmorhalskreft.

- Kvart år får om lag 300 kvinner i Noreg livmorhalskreft og 65-100 døyr av sjukdommen. Vaksinen kan gi beskyttelse sjølv om ein har debutert seksuelt, opplyser Fusa kommune på sine heimesider.

Utgangen av 2018

HPV-vaksine har vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i 7. klasse sidan 2009.

Tilbodet om gratis vaksine til alle kvinner fødd etter 1991, er mellombels og varer i ein toårsperiode fram til utgangen av 2018. Vaksinasjonen består av tre vaksinedoser gitt i løpet av 6-12 månader.

jostein@osogfusa.no