Gravferd for Espen Samuelsen i Arna kyrkje

I dag er det gravferd for Espen Samuelsen i Arna Kyrkje. Kapellan Roar Hallesby Evjedal frå Os leier seremonien.

Torsdag vart Ole Magnar Kvamme gravlagt i Os Kyrkje. I dag vert Espen Samuelsen gravlagt i Arna Kyrkje.

Dei to omkom i den tragiske helikopter-ulukka på Turøy i Fjell kommune fredag 29. april.

Artikkelen held fram under annonsen.

Begge to var Os-busette, men medan Kvamme voks opp i Jordmorsvingen i Os, hadde Samuelsen sine barndomsår på Stuegjordet på Arnatveit i Arna. Dette er nok også grunnen til at familien har lagt gravferda til Arna kyrkje.

Familien har sagt frå om at dei ikkje ønskjer pressa tilstades under gravferda.

Espen Samuelsen, som var busett på Søfteland, etterlet seg sambuar og to born.