Politibetjent i Fusa, Anders Opsal,  seier at det er keisamt at nokon vil øydeleggja noko som idrettslaget har brukt mykje tid og pengar på å realisera. (Arkiv
Politibetjent i Fusa, Anders Opsal, seier at det er keisamt at nokon vil øydeleggja noko som idrettslaget har brukt mykje tid og pengar på å realisera. (Arkiv

Hærverk på kunstgrasbanen

Det er den siste veka gjort to observasjonar av bilar som skrensar rundt på kunstgrasbanen i Eikelandsosen.

Natt til laurdag sist helg, blei det observert ein mørk sedan på kunstgrasbanen i Eikelandsosen. Politiet blei varsla av naboar tett på banen. Dei fortalte at bilen hadde køyrd sikk-sakk og skrensa rundt på kunsgras-dekket.

Natt til i dag (fredag) fekk politiet nok ei melding frå dei same naboane. Då hadde det vore nok ein bil på kunstgraset. Denne gongen ei lys stasjonsvogn.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det blei ikkje meldt om skrensing, ved dette tilfellet, men det vil ikkje seia at dei ikkje har gjort det. Dei kan ha blitt skremt, eller oppdaga seint, seier politibetjent Anders Opsal og held fram:

- Etter den første hendinga prøvde idrettslaget å sperra av banen. Det har ikkje vore heilt enkelt, grunna anleggsarbeid på staden, og det har tydeleg ikkje fungert heilt.

Kan bli kostbart

Politibetjenten seier at det er keisamt at nokon vil øydeleggja noko som idrettslaget har brukt mykje tid og pengar på å realisera.

- Vi er interesserte i tips i saka. Dei som har gjort dette, kan venta seg bot, og det er stor sannsynlegheit for førarkortbeslag, seier Opsal og held fram:

- Det som nok vil vera verst for dei som gjer dette, er om det blir skade på banen. Då blir det retta erstattningskrav på reparasjon av banen. Ein slik reparasjon kan fort bli dyr. Beløpet kan gjerne bli sekssifra.