Ny kontroll: Utrykkingspolitiet har dei siste to dagane vore på plass ved Halhjemsvegen for å kontrollera trafikantane.

Halhjemsvegen: To tatt for mobilbruk og 14 køyrde for fort

“Laser og åtferdskontroll” på Halhjemsvegen.

Det er politioverbetjent Christine J. Grindstein som i ein e-post opplyser om nok ein kontroll på Halhjemsvegen.

— Torsdag i 11-tida hadde Utrykkingspolitiet laser- og åtferdskontroll i 70-sona på Halhjemsvegen, skriv Grindstein.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også onsdag var Utrykkingspolitiet på plass for å ha kontroll på Halhjemsvegen. Då i 80-sona. Då var det 23 førarar som fekk eit forenkla førelegg.

Resultatet av kontrollen onsdag var ifølgje Grindstein 14 forenkla førelegg, der 90 km/t var høgaste registrerte måling. To førarar fekk eit forenkla førelegg grunna mobilbruk.