I karantene: I samsvar med rettleiarane frå FHI må alle nærkontaktane vera i karantene til og med 8. november.

Alle dei femten i karantene har fått negativt svar etter smitten på Luranetunet

Dei ti bebuarane og fem tilsette som vart testa på Luranetunet, har alle fått negativt svar.

Etter at ein tilsett ved Luranetunet bu- og behandlingssenter fekk påvist smitte laurdag 31. oktober, blei ti bebuarar og fem tilsette sett i karantene og testa for covid-19, fordi dei har hatt nærkontakt med den smitta.

Testsvaret er negativt for alle dei 15 nærkontaktane, opplyser kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- I samsvar med rettleiarane frå FHI må alle nærkontaktane vera i karantene til og med 8. november, sjølv om testsvaret er negativt. I tillegg er det eigne retningslinjer for sjukeheimar, som gjer at bebuarane skal testast på nytt seinare i veka. Men alt tyder heldigvis på at dette har gått bra. Eg vil rosa bebuarane, pårørande og dei tilsette på Luranetunet for korleis dei har handtert denne spesielle situasjonen seier assisterande kommuneoverlege, Jonas Nordvik Dale.