Fleire utbrot: Kommuneoverlege Klaus Melf konstaterer at det har vore fleire smitteutbrot i både barnehagar, skular og bedrifter på Fusa-sida dei siste vekene.

Har flytta koronateststasjon: - Det er ikkje så mange meterane, men gjer stor forskjell for trafikktryggleiken

Det seier kommuneoverlege Klaus Melf.

Koronateststasjonen i Eikelandsosen har flytta frå den gamle ungdomsskulen i Brakabygda 33 til Eikelandsfjorden samfunnshus.

Det opplyser kommunen på sine heimesider.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samstundes blir opningstidene utvida til tre dagar i veka: måndagar, onsdagar og fredagar.

– Det er ikkje så mange meterane teststasjonen har flytta, men det gjer stor forskjell for trafikksikkerheita til barnehagebarn og -foreldre som skal levera og henta i barnehagen som mellombels held til i den gamle ungdomsskulen, seier Melf.

Fleire smitteutbrot

Han konstaterer at det har vore fleire smitteutbrot i både barnehagar, skular og bedrifter på Fusa-sida dei siste vekene.

– Sjølv om dei aller fleste no testar seg med hurtigtest heime, skal ein positiv hurtigtest alltid verifiserast av ein PCR-test utført på teststasjonen. Med fleire smittetilfelle, aukar òg behovet for fleire testdagar, påpeikar kommuneoverlegen.

Han opplyser at testteamet allereie er operativt på den nye adressa. Alle som har bestilt time til i dag (måndag) får beskjed direkte om å møta opp på den nye adressa.