Natt til måndag offentleggjorde politiet namna på sju av dei 13 omkomne.
Natt til måndag offentleggjorde politiet namna på sju av dei 13 omkomne.

Har frigjeve sju namn

Natt til måndag frigav politiet namna på sju av dei omkomne etter helikopterulukka fredag. Éin av dei har budd i Os store delar av livet.

I samråd med dei pårørande sendte politiet i natt ut ei pressemelding med namn på sju av dei omkomne etter helikopterulukka ved Turøy i Øygarden fredag.

To av dei omkomne kjem frå Os. Førebels er det berre namnet til ein av dei som er offentleggjort.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ole Magnar Kvamme (60) er fødd i september 1955. Han budde i Bergen, og arbeidde for Statoil då ulukka fann stad fredag. Kvamme har vore busett i Os store delar av livet.

På lista finn ein også:

. Arild Fossedal (43), Bergen, Aker Solutions

Ole Magnar Kvamme (60) kjem opphavleg for Os, men var busett i Bergen då ulukka fann stad.
Ole Magnar Kvamme (60) kjem opphavleg for Os, men var busett i Bergen då ulukka fann stad.

. Otto Mikal Vasstveit (54), Strand i Rogaland, Halliburton

. Behnam Ahmadi (54), Sandnes i Rogaland, Halliburton

. Kjetil Wathne (51), Bergen, Karsten Moholt AS

. Odd Geir Turøy (54), Øygarden, Aker Solutions

. Iain Andrew William Stuart (41), Aberdeenshire, Halliburton

Artikkelen held fram under annonsen.

Seks familiar har ikkje gjeve samtykke til offentleggjering enno. Ei eventuell ny liste med desse namna vert tidlegast sendt ut måndag klokka 12, heiter det i pressemeldinga frå politiet.