Ikkje trygg: Ingen av dei fem vatna Bjørnafjorden brann og redning måler, er trygge.

Har gjort ny ismåling - framleis er ingen is farbar

Det opplyser Bjørnafjorden kommune onsdag.

Bjørnafjorden brann og redning måler isen på utvalde vatn éin til to gonger i veka i kuldeperiodar, ifølgje kommunen.

Resultat frå den siste ismålinga onsdag er at ingen av vatna som blir målte i Bjørnafjorden kommune har farbar is.

Artikkelen held fram under annonsen.

Desse vatna vert målte:

Ulvenvatnet sør (Moberg) 12 cm

Ulvenvatnet nord (Sigurdsvika) 8 cm

Banktjørno 13 cm

Gåsakilen 13,5 cm

Lekvenvatnet 12 cm

For at dei skal godkjenna og skilta vatn med trygg is, må dei ha målt 90 prosent av vatnet til å ha 15 centimeter eller tjukkare is.

Kommunen kjem samstundes med denne meldinga til innbyggjarane: «Etter mykje nyfallen snø har det danna seg eit nytt lag med ruglete is over isgrunnen som er målt. Øvste lag med is er ikkje solid, og dersom du går på isen vil du kunne tråkke gjennom fleire stader. Mellom dei to laga er det vatn og du kan rekne med å bli våt på beina om du trakkar gjennom».