Kontroll: Måndag kveld forsøkte ein politipatrulje å kontrollera eit køyretøy, som parkerte utanfor heimen til ein slektning.

Har oppretta undersøkingssak: - Begge er kjenningar av politiet

Politiet ville undersøka mogleg køyring utan førarkort.

Måndag kveld forsøkte ein politipatrulje å kontrollera eit køyretøy, som parkerte utanfor heimen til ein slektning.

– Mannen (f. 1995), som mest sannsynleg var sjåfør, hadde mogleg gått inn i huset. Då politiet kom til staden, var mannen borte. Kvinna som budde i huset var lite samarbeidsvillig og begge er kjenningar av politiet, opplyser vakthavande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mannen som er mistenkt for å ha køyrd, har ikkje førarkort.

Det er oppretta undersøkingssak.

Tidlegare same kveld fekk politiet melding om ein liten, svart bil, mogleg type golf, som var observert køyrande utan kjennemerke ved Skeismyra i retning mot Hagavik.

– Ingen operative tiltak på denne hendinga, opplyser vakthavande.

Like før kl 22 måndag kveld gjennomførte patruljen ein promillekontroll. 52 førarar vart kontrollerte - ingen reaksjonar.