Ustabilt ver på veg: Yr melder om fare for torevêr med mykje lyn. Faren vil auka frå kl 14 og utover søndag.

Har sendt ut farevarsel for mykje lyn

Det vil vera store forskjellar i intensitet.

Yr melder om fare for torevêr med mykje lyn. Faren vil auka frå kl 14 og utover søndag.

Det vil vera store lokale forskjellar i intensitet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oppmoding er å halda seg oppdatert om utviklinga av veret og vervarselet.

– Vurdér behov for førebyggjande tiltak. Kopla frå elektriske apparat. Tilpass farten etter køyreforholda. Søk ly. Unngå opne sletter og store tre. Ikkje sym eller bad, skriv Yr vidare.

Toreveret kan føra med seg lokalt kraftige vindkast og regnbyer. Det kan vera fare for skade på objekt som følgje av lynnedslag. Straumforsyninga og tv/internett kan bli påverka.

Frå og med søndag kveld i 22-tida skal faren for lynnedslag avta, ifølgje Yr.

I slutten av mai var det fleire titals lynnedslag over Bjørnafjorden. Her kan du sjå eitt av dei som vart fanga på film:

Les også
Titals lynnedslag over Bjørnafjorden. Her kan du fylgja med i sanntid.