Samhald og glede: – Med prosjektet ønskjer eg å skapa samhald og glede, skriv fotograf Silje Lepsøy Lindborg.

Har søkt om midlar til storstilt foto-prosjekt - vil ta bilete av 300 bjørnafjordingar

Fotograf Silje Lepsøy Lindborg ser for seg avduking av kjempelerret under Osdagane.

– Eg har i lang tid hatt ein idé om å gjennomføra eit fotoprosjekt der resultatet blir ein kjempestor plakat som heng ute i eit godt synleg miljø. Eg ønskjer å fotografera kring 300 lokale andlet, skriv Lepsøy i ein søknad om KUP-midlar til prosjektet.

Ho ser for seg å fotografera både unge, gamle, kjende og ukjende, for så å setja dette saman til eitt stort bilete.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Med prosjektet ønskjer eg å skapa samhald og glede. Eg ønskjer at biletet blir noko folk stoppar opp ved og at folk blir glade av å sjå på alle dei flotte andleta frå bygda vår, skriv Lepsøy Lindborg.

Ønsket er å kunna avduka prosjektet under Osdagane.

Lepsøy Lindborg har søkt om 50 000,- til prosjektet. Støtta skal gå til sjølve plakaten, montering, promotering og materialar.