To frå politisk: Kommunestyret valde to representantar frå politisk miljø, Tore Kleppe og varaordførar-vikar Harald Lekven.

Har starta 17. mai-planlegginga. Dette må på plass først

Ein 17. mai-komité skal stå for feiringa på Osøyro i 2023.

Kommunestyret i Bjørnafjorden har vedteke at ein skal freista å oppretta ein 17. mai-komité som skal planleggja og arrangera feiringa på Osøyro i 2023.

Les også
Nedskjeringar kan føra til endringar

Kommunestyret valde to representantar frå politisk miljø, Tore Kleppe og varaordførar-vikar Harald Lekven.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Andre representantar ynskjer ein å få med frå folk, eldsjeler, lag og organisasjonar i krinsen, fortel Lekven.

Dette er det første som må plass.

Les også
Dei to fyrste medlemene i den nye 17. mai-komitéen er klare

Sidan vil ein konstituera ein 17. mai-komité som skal planleggja og stå for framdrift og gjennomføring av arrangementet.

Lekven opplyser at kommunen ved kultureininga vil støtta 17. mai-komiteen «med si røynsle og økonomisk etter søknad».

Les også
Ville låsa 17. mai-feiringa til Kyrkjeflaten. Slik gjekk det i formannskapet.

Varaordføraren oppmodar samstundes dei som er interesserte i å bidra, til å ta kontakt.

– Det vert kalla inn til konstitueringsmøte så snart me har oversikt over kven som ynskjer å ta del, legg Lekven til.

Fram til kontitueringsmøtet, vil Tor Kleppe og Harald Lekven, med støtte frå kultureininga ved Erik Vangsnes, ha hand om framdrifta.