Oppmoding: Oppmodinga gjeld for dei som har vore i Osbadet mellom klokka 18 og 21 måndag 7. september.

Har starta smittesporing frå Osbadet - var du der måndag kveld?

I samband med smittesporing, oppmodar kommunen personar som har vore i Osbadet måndag 7. september om å følgja ekstra godt med på symptom på koronasmitte.

Oppmodinga gjeld for dei som har vore i Osbadet mellom klokka 18 og 21 måndag 7. september. Kommunen melde fyrst at det var snakk om tysdag 8. september, men dette var feil.

Les også
Skuleelev ved Os barneskule har fått påvist Covid-19

– Smittesporinga skjer som følgje av smittetilfellet vi melde om tidlegare, fredag 11. september, opplyser kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er ei påminning til oss alle om kor viktig det er å halda nødvendig avstand når vi er ute blant folk. Bli heime om du er sjuk og test deg dersom du får symptom på at du kan vera smitta, seier ordførar Trine Lindborg.