Glad vinnar: Osvald Hindenes med den nye båten som skal sjøsetjast på hytta i Hindenes.

Har teke lodd i årevis. I sommar vann Osvald (80) endeleg sin eigen båt.

Faren drøymde heile livet om å vinna ein båt. — Denne båten er litt hans, seier Osvald Hindenes frå Os.

Etter å ha teke lodd kvar sommar i årevis, trekte 80-åringen frå Os det lengste strået i Knarvik Senter kundeklubbs årlege båtlotteri.

Hindenes og kona Jorunn bur på Hetleflåten, men har hytte i Osvalds barndomsbygd Hindenes i Nordhordland. Det er også her den nye båten skal på sjøen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit under: Osvald sjølv meiner båten er «eit under og ei velsigning».

— Far min hadde ein draum om å vinna ein båt, og reiste inn til Bergen og deltok i mange ulike båtlotteri. Han levde heile sitt liv i håp om at han ein gong skulle vinna den båten, men det gjorde han ikkje. Kvar gong eg putta eit lodd i postkassa i Knarvik Senter, tenkte eg at dette er for far, fortel Hindenes til Knarvik Senters Facebook-side.

Vidare fortel at han det er «litt far sin båt».

Den nye båten med utstyr har ein verdi på 170.060 kroner.

— Det er eit under og ei velsigning. Eg har fått gratulasjonar, gode ord og kommentarar frå nord og sør her til lands, og frå Finland til Etiopia utanlands. Facebook når langt, seier Osvald og smiler.