Det vert meir sol i Os og Fusa fram mot helga.
Det vert meir sol i Os og Fusa fram mot helga.

Haust, tørre gater og fargar

Ifølgje Yr.no er det gode utsikter for å behalda det vakre haustvêret til over helga.

Etter nær ei heil veke utan regn er det så ein nesten på gamal vane set sjøstøvlane og paraplyen fram til neste dag. Men stadig vert me altså overraska over solskin, tørre vegar og forfriskande rein, tørr haustluft, utan fnugg av regn.

Har du nytt desse dagane, kan du gle deg over fem like fine i vente. Ifølgje Yr.no vert det solfylte dagar både i Os og i Fusa fram til måndag. Tysdag er det meldt om 2,8 mm nedbør over Osøyro, og 2,7 mm over Eikelandsosen. Dersom sola får regjera, meir eller mindre uavbrote, fram til starten av neste veke, skal me nok takla det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til alle som har sjekka andre vêrmeldingar: Nei, eg sjekka ikkje fleire. Yr sin var nett slik eg ville ha han.