Havari: Hegglandsdalsvegen vert ikkje brøyta i morgontimane på grunn av havari på ein brøytebil.

Havari på brøytebil råkar Hegglandsdalsvegen

Entreprenøren jobbar no med å få tak i ein erstatningsbil.

Fylkesveg 579 frå Hauge via Lønningdal og til Hisdal, kort sagt Hegglandsdalsvegen, er ikkje brøyta per no.

Klokka 6.01 melder Vegtrafikksentralen på Twitter at eit havari på ein brøytebil fører til at entreprenøren ikkje får teke denne strekninga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vert arbeidd med å få tak i ein erstatningsbil.