Mats Cato Moldskred trivst på Gjemselund, men har førebels ikkje prata med dagleg leiar Espen Nystuen og resten av leiinga om ny kontrakt med klubben.
Mats Cato Moldskred trivst på Gjemselund, men har førebels ikkje prata med dagleg leiar Espen Nystuen og resten av leiinga om ny kontrakt med klubben.

- Heit som ein husbrann, eg no

På veg til MR i Oslo må Mats Cato Moldskred le når Os og Fusaposten ringjer. - Eg er visst heit som ein husbrann, eg no, seier Kongsvinger-spelaren.

Osingen, som er inne i sin andre sesong for klubben på Gjemselund, har stole mange overskrifter dei siste dagane. Årsaka er knefallet etter skaden han pådrog seg då han sette inn 1-0 på straffe borte mot KFUM Oslo på søndag.

- Saka har vekt mykje merksemd, men det får eg tola. Det ser jo unekteleg litt komisk ut når ein straffeskyttar fell ned som ein skoten bjørn like etter å ha sett inn eit mål, humrar Mats Cato.

Artikkelen held fram under annonsen.

Small skikkeleg

30-åringen har vore fast straffeskyttar for 1. divisjonslaget denne sesongen. Totalt har han sett inn fem av seks straffar. Skotet frå 11-metersmerket mot KFUM fann også vegen til nettmaskene.

- Det var heldigvis mål, men treffet var langt frå perfekt. Eg trefte faktisk så ureint at lysken rauk. Det small skikkeleg, og etterpå var eg som lam i foten. Det var ikkje anna å gjera enn å venta på å bli bore av banen, ler Mats Cato.

Onsdag kveld sendte TV2-sporten eit langt innslag om saka.

Her vert Mats Cato bore av banen etter lyskestrekken han pådrog seg på søndag.
Her vert Mats Cato bore av banen etter lyskestrekken han pådrog seg på søndag.
Mats Cato og Adam Gûven har stått bak mange av Kongsvingers mål denne sesongen. I dag spelar klubben for semifinale i cupen. Mats Cato må sjå kampen frå tribunen.
Mats Cato og Adam Gûven har stått bak mange av Kongsvingers mål denne sesongen. I dag spelar klubben for semifinale i cupen. Mats Cato må sjå kampen frå tribunen.

- Når dei endeleg skulle laga sak om meg, så var det jo ikkje nett slik eg hadde sett for meg å bli presentert, seier Mats Cato tørt.

På innslaget vedgjekk han at lyskeskaden gjorde at han var blå langt opp i dei edlare delar.

Håpar på semifinale

- Korleis er du no då, tre dagar etter?

- Eg klarar no i alle høve å gå. Elles er eg spent på kor alvorleg skaden er. Det er det eg skal til Oslo for å sjekka no. Svaret får eg truleg på fredag, seier Vågshaugen-guten.

Om det ikkje blir fleire kampar i år, vert han ståande med 11 mål og fire assist i årets sesong.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er bra det, men eg skulle gjerne fått med meg fleire kampar. I dag spelar laget mitt kvartfinale i cupen heime mot Sandefjord.

- Om eg er skikkeleg heldig, vert eg frisk nok til me skal spela semifinale, seier Mats Cato.

Realistisk er det ikkje. I beste fall vert han ute i to til tre veker. I verste fall seks til åtte.

- Eg har aldri hatt ein strekk før, så eg veit liksom ikkje. Eg får berre kryssa fingrane og håpa på det beste.

Usikker om neste år

Mats Cato er i ferd med å avslutta sin noverande kontrakt med Gjemselund-klubben. Kva som skjer neste år er førebels uvisst.

- Eg trivst kjempegodt her borte og ser ikkje bort frå at kontrakten kan forlengjast, men nett no er ingenting sikkert, seier Mats Cato.

Han har uansett gjort ein såpass bra sesong at han bør vera ein interessant spelar både for Kongsvinger og andre lag i dei to øvste divisjonane i Noreg.

- Me ligg på femteplass berre fem poeng bak Sandefjord. Draumen om eliteserien lever. Det hadde jo vore veldig kjekt å lukkast med det og fått vera med opp på øvste nivå. Men først må eg bli kvitt skaden, avsluttar Mats Cato.