Vinteridyll: Sindre Midtun og Karl Pedersen tok ein ekstra brøyte-innsats for skøyte- og turfolket fredag ettermiddag.

Heiv seg rundt og laga stor bane til skøytefolket

Etter å ha rydda motocross-bane til eigne klubbmedlemer, vart Sindre Midtun og Karl Pedersen spurt om hjelp til å laga stor skøytebane. Den jobben tok dei.

— Når me først er her, kan me like godt hjelpa litt til for andres del også. Dessutan tenkjer me det blir ein pluss i margen hjå kommunen, humrar leiaren og nestleiaren i Os MC og MX Klubb.

Les også
I helga blir det motocross på Ulvenvatnet

Dei brukte knappe timen på å laga den vel kilometer lange motocrossbanen som dei skal køyra på i helga. Men dei var knapt byrja å brøyta før dei fekk førespurnaden frå skøytefolket.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Dei såg vel at me hadde utstyr til å få rydda snøen ganske så fort. Spørsmålet var rett og slett om me ikkje kunne laga ein stor skøytebane, a la typen dei nyttar til lengdeløp, fortel Sindre Midtun og Karl Pedersen.

Større: Hjelpekorpset til Røde kors laga tidlegare denne veka ein liten rund inne mot Sigurdsvika. Fredag lagde Os MC og MX Klubb ein større skøytebane litt lenger ute på vatnet.

500 m-runde

Like etter at dei var ferdige med å laga motocrossbanen, drog dei ut til midten av Ulvenvatnet og byrja å laga ein lang, oval bane.

— Me får prøva å laga ein 500 m-bane, men det blir jo ikkje så veldig nøyaktig. Me får ta det litt på augemål, ler dei to.

— Likevel kan det bli ein runde det kan bli sett løyperekordar på. Temperaturane tillèt jo skøyter på dette vatnet i lang tid framover?

— Jau då, det vert forhåpentlegvis mange som får glede av denne banen, sa motocross-leiarane, før dei freste av garde på kvar sin firhjuling.