Ordføraren seier det er naturleg at også Bjørnafjorden har sine lokale minneplassar i etterkant av Kongens bortgang.

To minneplassar:

Her kan bjørnafjordingane leggja ned sine blomar og helsingar

Klokka 13 fredag la ordførar Terje Søviknes blomar på skulpturen ved Tunet på Kyrkjeflaten. Her kan også andre leggja ned blomar og helsingar.

Publisert Sist oppdatert

– Me gjer dette fordi me har fått førespurnader frå folk om kvar dei kan leggja ned blomar, lys og helsingar i samband med kong Haralds bortgang, sa Terje Søviknes på veg til Kyrkjeflaten fredag ettermiddag.

Ordføraren seier det er naturleg at også Bjørnafjorden har sine lokale minneplassar i etterkant av Kongens bortgang.

– I Oslo har dei Slottsplassen og i Bergen har dei «Den blå steinen». No har me våre eigne plassar her i kommunen, sa Søviknes.

Det er to plassar i Bjørnafjorden - éin i Os og éin Eikelandsfjorden.

– Me etablerer minneplassar her ved Kyrkjeflaten i Os og éin på Leiro i Eikelandsosen, fortalde Søviknes fredag.

Han la til at dei to plassane i samband med milleniumsovergangen i 2000 vart utvalde som såkalla 1000-årsplassar for nett slike høve.

Minneplassen ved Tunet.
Powered by Labrador CMS