Eirik André Hesthamar har lang erfaring frå administrative og sportslege oppgåvar innan idrett. Denne veka vart 39-åringen tilsett som dagleg leiar i NNIL.
Eirik André Hesthamar har lang erfaring frå administrative og sportslege oppgåvar innan idrett. Denne veka vart 39-åringen tilsett som dagleg leiar i NNIL.

Hesthamar blir dagleg leiar i Nore Neset IL

Onsdag vart Eirik Andre Hesthamar tilsett som dagleg leiar i NNIL. Hesthamar er kjent som ein ressurssterk mann innan idrett.

– Me er veldig nøgde. Hesthamar har lang erfaring frå drift og utvikling av idrettslag etter eit tallause verv i både Os, Søre Nest, Øyglimt og Nore Neset, seier leiar i NNIL, Egil Krukhaug.

Tilbake til dagleg leiar

Eit par år tilbake var Jarle Heltne dagleg leiar i idrettslaget. Sidan den gong har Nore Neset IL prøvd å ta arbeidsoppgåvane som normalt tilfall han på dugnad. Dette har vist seg å vera krevjande og vanskeleg å gjennomføra med ein slik stor klubb.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Med tilsetjinga av Hesthamar håpar me å vidareutvikla idrettslag til det beste for alle våre medlemer og styrkja samarbeidet med dei andre idrettslaga i kommunen, seier Krukhaug.

Han legg til at eit overordna mål for stillinga er å bidra til at idrettslaget kan ta i vare og utvikla eit kvalitativt og robust idrettstilbod, forenkla prosessane, og gjera administrasjonen av klubben mindre personavhengig.

Rett mann

Idrettslaget er trygge på at dei har funne rett mann for stillinga.

– Erik Andrè har lang og breid erfaring frå arbeid innan idrett. i tillegg til alle verva han har hatt, har han også vore solid pådrivar for arrangement som Jentefotballdagen og Gutehandballdagen. Han har også vore klubbutviklar i Norges Håndballforund Region Vest. Alt i alt er me trygge på at Eirik André kan ta Nore Neset IL inn i framtida saman med alle våre flotte, frivillige, konstaterer Krukhaug.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no