Vi gjer merksam på at denne geita ikkje er identisk med bukken som skapte frykt i Nordtveitgrend. Biletet er sladda av omsyn til geita. (Illustrasjons
Vi gjer merksam på at denne geita ikkje er identisk med bukken som skapte frykt i Nordtveitgrend. Biletet er sladda av omsyn til geita. (Illustrasjons Foto: Colorbox.com

Hissig geit skapte trøbbel i Nordtveitgrend

Den aggressive geita skal ha kome seg laus frå beitet og opptrådte trugande.

Politiet fekk i to-tida laurdag melding om «ein aggressiv, stor geitebukk» som gjekk laus i Nordtveitgrend.

Geita hadde truleg kome seg laus frå beitet sitt, og oppførte seg trugande.

Meldaren greidde etterkvart å få sett geita i band og festa han til eit tre. Vedkomande ville vidare prøva å få kontakt med bønder i området.

– Er det mistanke om rus?

– Det kjenner eg ikkje til, svarer ein lattermild Terje Sperrevik, lensmann for Kvam, Fusa. Samnanger og Tysnes.

– Og geita vart heller ikkje teken med til legevakten for rutinemessig blodprøve?

– Nei.

anne-marie@osogfusa.no