Daniel Skotheim ser stor verdi i møteplassane SRF etablerer og nettverka dei skaper, og han har klare mål for kva han ønskjer å få ut av samarbeidet med SRF.
Daniel Skotheim ser stor verdi i møteplassane SRF etablerer og nettverka dei skaper, og han har klare mål for kva han ønskjer å få ut av samarbeidet med SRF.

«Historisk» medlemskap for Os kommune

Os blir den fyrste kommunen som blir medlem av Salgs- og Reklameforeningen i Bergen (SRF).

- Os kommune ønskjer å vera ein attraktiv og proaktiv kommune for både innbyggjarar og næringsliv. Merkevarebygging og marknadsføring er viktig også for ein kommune, kommenterer næringssjef i Os kommune, Daniel Skotheim, som ønskjer påfyll av kompetanse gjennom SRF sine arrangement og kurs.

Skotheim ser stor verdi i møteplassane SRF etablerer og nettverka dei skaper, og han har klare mål for kva han ønskjer å få ut av samarbeidet med SRF.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi vil bruka nettverket i SRF til å dela vår kompetanse som ein offentleg aktør og setja Os tydeleg på kartet. Vi ønskjer å dra nytte av nettverket i form av fleire samarbeid innanfor næringslivet og for å heva kompetansen og merksemda på sal og marknadsføring i kommunen, og i næringslivet i Os, seier Skotheim tilSRF sine heimesider.

Målet er i tillegg å bidra til at SRF sine arrangement kan foregå også i regionen og på Os. Fyrste døme på det vert 21. februar når Oseana og Os kommune samarbeider om SRF FagFrokost.

jostein@osogfusa.no