Ver obs på hjort i vegbana no og utover hausten.
Ver obs på hjort i vegbana no og utover hausten.

Hjort mot bil

Ein hjort fekk eit ublidt møte med ein bil ved Eikhovda onsdag kveld.

Det var i 22.15-tida onsdag kveld at ein bil kolliderte i ein hjort ved Eikhovda i Fusa.

Hjorten sprang vidare og det er uvisst kor skadd han vart.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politet har rutinemessig kontakta ettersøksringen i Fusa og tipsa jaktlag i området om å vera obs på ein skadd hjort når hjortejakta snart tek til.

Føraren av bilen skal ikkje vera skadd.

Anne Marie Aarøen Vangsnes

anne-marie@osogfusa.no