Kontroll: Frå klokka 18.30 tysdag kveld gjennomførte UP ein fartskontroll i 70-sonen på Halhjemsvegen.

Høgste fart målt til 93 km/t

Fem bilistar fekk forenkla førelegg for å ha køyrd for fort på Halhjemsvegen tysdag kveld.

Frå klokka 18.30 i går kveld gjennomførte UP ein fartskontroll i 70-sonen på Halhjemsvegen. I løpet av tida dei stod der fekk fem bilistar forenkla førelegg for å ha køyrd for fort. Høgste fart vart målt til 93 km/t.

Klokka 22.25 same kveld fekk Bjørnafjorden politistasjon melding om ein påkøyrd rev på Strønevegen. Viltnemda vart varsla.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Fire kontrollar berre det siste døgnet: Bilførar tatt i 69 km/t i 50-sone forbi skule
Les også
UP på Halhjemsvegen. 16 førarar vart bøtlagde

Køyrde for tett

Ein sjåfør vart stansa på Halhjemsvegen like før klokka 23 tysdag kveld. Bilisten vart stansa for å ha køyrd for tett opp i bilen framfor. Bilføraren fekk eit forenkla førelegg på 7.450 kr som han vedtok på staden. I tillegg fekk han tre prikkar på førarkortet.

Klokka 23.00 vart det gjennomført ein fartskontroll på Byvegen. Her fekk ein sjåfør forenkla førelegg for å ha køyrd i 71 km/t i 60-sonen.