Holmefjord Musikklag: Her spelar delar av Holmefjord Musikklag på 17. mai 2019. Dei får ikkje spela på heilt same måten i år, men spela skal dei uansett.

Holmefjord Musikklag spelar på «ny plattform» på 17. mai

Dei har endeleg fått starta øvinga att, og sjølv om dei ikkje får gå i tog som vanleg, gler dei seg til å få spela på nasjonaldagen på ein alternativ måte.

Musikklaget får ikkje spela i toget, men dei har funne ei løysning likevel. Holmefjord Musikklag har nemleg leigd bokbåten Epos til 17. mai, og skal stoppa innom fleire kaiar i Fusa og spela opp.

– Det hadde vore stussleg å ikkje ha noko speling i det heile, så då fann me eit alternativ, seier leiar i Holmefjord Musikklag, Jostein Dalland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fortel at dei har fått god respons og fleire tilbakemeldingar av folk som ser fram til stuntet.

– Me trur dette blir kjekt for både dei til lands, som kan samlast ein plass og få høyra litt musikk, og for oss om bord i båten som får spela, seier Dalland.

14–15 musikantar stiller frå musikklaget. Etter ei tid der dei ikkje kunne øva, har dei no hatt éi øving, og skal ha endå ei øving i morgon, torsdag.

– Me har lang erfaring, og er klare til å spela på 17. mai, seier Dalland.

På båtturneen vil dei spela både 17. mai-songar og marsjmusikk for å få skikkeleg 17. mai-stemning. Dei satsar på å spela i 15–20 minutt ved kvar kai og vil enda opp i Strandvik kl. 13.00 der dei vil spela nasjonalsongen «saman med» resten av landet.

– Første stopp blir Holmefjord kl. 10, så køyrer me vidare til Fusa Det blir kjekt å få besøka bygder me som oftast ikkje spelar i, seier leiaren i musikklaget.

15-20 minutt: Musikklaget satsar på å spela i 15–20 minutt ved kvar kai og vil enda opp i Strandvik kl. 13.00 der dei vil spela nasjonalsongen «saman med» resten av landet.

- Me vil spela uansett

Det einaste han bekymrar seg for no, er vêret, som ser litt usikkert ut.

Les også
– 17. mai-vêret ser ikkje lovande ut

– Det er veldig vêravhengig, så blir det for mykje regn, må me nok avlysa. Men me satsar på at det skal gå bra, seier Dalland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det å stå ute i fleire timar i regn, blir vanskeleg, så sjølv om vêrmeldingane er litt dystre, håpar han det kan endra seg når dagen nærmar seg.

Skulle det i verste fall bli avlyst, forsikrar Dalland at dei framleis vil spela på nasjonaldagen.

– Me kjem til å spela uansett, men korleis og kvar det blir om me ikkje får brukt båten, veit me ikkje enno. Det er dette som er planen no, så får me ta stilling til det, dersom det skjer, seier han.

Ruteplan: Her er ruteplanen til Holmefjord Musikklag på 17.mai.