Hundeskiten flyt i Industrivegen. Særleg mellom innkøyrsla til Øvre Varåsen til rett forbi Flåten Bygg.
Hundeskiten flyt i Industrivegen. Særleg mellom innkøyrsla til Øvre Varåsen til rett forbi Flåten Bygg.

Hundeskiten flyt i Industrivegen

Frå Flåten Bygg til innkøyrsla til Øvre Varåsen ligg det over 50 hundelortar - og det berre på den eine sida av gangvegen.

Etter ein kjapp observasjon kan altså underteikna konkludera med at det ligg over 50 hundelortar langs vegen i Industrivegen på graset som skil gangvegen og trafikken. Os & Fusaposten gjekk frå Varhaug barnehage til krysset ved Øvre Varåsen. Det låg også skit før vi kom til Flåten Bygg, men på det korte strekket derifrå og ned til krysset var det store mengde.

(Hundeskit har også voreeit problem i Borgafjell barnehage).

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunen prioriterer sentrum

I Os er det gjort tiltak for eit trivelegare sentrum. I fjor blei det montert stasjonar med hundeposar, slik at hundeeigarar kan plukka opp etter bikkja om dei har gløymd posar. Til dømes er det ein slik stasjon på Lyngheim, med eit tilhøyrande lite bosspann. Teknisk sjef i Os kommune, Marianne Kramer, seier at kommunen nok kan få på plass hundepose-stasjonar andre stader i Os også, men bosspann er det verre med.

- Av erfaring blir slike bosspann ofte fylt med alt mogleg. Det er ei utfordring. Vår prioritering er sentrum. Der plukkar vi opp det eine og det andre. Etter helga flyt det ofte med mykje rart i sentrum. Vi har ikkje kapasitet til å ta for oss heile Os på same måte, seier Kramer og legg til:

- Det er mange som i periodar reagerer på at det ligg hundeskit rundt om i Os. Eg vil oppmoda alle til å bidra til at Os ser ålreit ut.

Det er tydelegvis hundeeigarar i området som ikkje plukkar opp etter bikkjene.
Det er tydelegvis hundeeigarar i området som ikkje plukkar opp etter bikkjene.
På dette strekket, ned til bussen, ligg det mykje hundeskit.
På dette strekket, ned til bussen, ligg det mykje hundeskit.
På Lyngheim står ein av fleire stasjonar kor hundeeigarar kan ta med seg ein pose om dei har sjølv har gløymt å ta med. Det er også eit lite bosspann.
På Lyngheim står ein av fleire stasjonar kor hundeeigarar kan ta med seg ein pose om dei har sjølv har gløymt å ta med. Det er også eit lite bosspann.

Miljøvenlege posar

Det finst også eksempel på at hundeeigar plukkar opp etter bikkja, før dei kastar frå seg posen i naturen. Det er verre miljømessig enn å la lorten liggja. Dei "vanlege" svarte plastposane blir først broten ned etter 100 år i naturen. Plastposane på stasjonane i sentrum, er miljøvenlege.

- Posane er nedbrytbare, men det betyr ikkje at folk skal kasta dei ute i naturen. Eg ser at det finst kreative folk som knyt posar med hundeskit på greiner. Det skal ein ikkje gjera. Ta posane med heim, anten i handa, i sekken eller i lomma, eller kast dei i bosset, seier Kramer.