Hytteinnbrot i Holmefjord

Fredag fekk Fusa lensmannskontor melding om innbrot i ei hytte i Ådlandsvegen i Holmefjord.

Eigarane av hytta melde frå om innbrotet fredag ettermiddag. Ifølgje operasjonsleiar ved Hordaland Vest politidistrikt er fleire ting meldt stole frå hytta. Mellom anna litt sølvty og noko alkohol. Politiet i Fusa har utført åstadsgransking og etterforsker saka vidare. Dei er interessert i tips i saka.

Operasjonsleiaren i Hordaland Vest politidistrikt hadde laurdag morgon ikkje fått melding om andre hytteinnbrot i nærliggjande område.