Ein politibetjent vart lettare skadd då vedkommande fekk ein hammar i hovudet under ein arrestasjon onsdag kveld. (Arkivbilete)
Ein politibetjent vart lettare skadd då vedkommande fekk ein hammar i hovudet under ein arrestasjon onsdag kveld. (Arkivbilete)

I arresten etter hammarkast mot politibetjent

Politiet måtte fram med peppersprayen for å få kontroll på den rabiate mannen i 40-åra onsdag kveld.

Onsdag klokka 22.12 fekk politiet i Os melding om ein mannsperson som hylte, skreik og knuste ruter i eit bygg i Mobergslia.

Vel framme på adressa møtte patruljen ein pårekna gjerningsperson som var trugande og aggressiv.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Han ville ikkje etterfølgja politiet sine munnlege pålegg, og drog fram ein hammar som han truga dei med, fortel Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor.

Politiet brukte så pepperspray mot mannen.

- Deretter kasta han hammaren mot ein av våre mot tenestepersonar og traff denne i hovudet, fortel Hadler-Olsen.

Etter dette fekk politiet kontroll på gjerningsmannen.

Han vart gripen og er meldt for vald mot offentleg tenestemann.

Han er også meldt for trugslar og forulemping med skjellsord av offentleg tenestemann.

Mannen i 40-åra blei sett i arresten og vil bli avhøyrd i løpet av dagen, før han blir framstilt for varetektsfengsling i morgon.

Politibetjenten som fekk hammaren i hovudet blei lettare skadd.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den skadde var først innom legevakta og deretter Haukeland universitetssjukehus.

- Vedkommande er ute derfrå no og sjukmeldt, fortel Hadler-Olsen, som omtaler det som ei alvorleg hending.

Personen er tidlegare dømt for vald og trugsmål, der i blant mot politiet.