Tog: Som ein del av avslutninga ved Hegglandsdalen barneskule, vert det tog frå skulen i Hegglandsdalen til nye Borgafjell skule i kveld.

I dag vert det tog frå Hegglandsdalen til den nye skulen på Hjelle

Det nærmar seg siste skuledag ved Hegglandsdalen barneskule. I kveld vert det markering.

Som ein del av markeringa, arrangerer skulen i kveld tog frå skulen i Hegglandsdalen til nye Borgafjell skule.

Les også
Siste vår for Hegglandsdalen barneskule: Førebur storstilt avslutningsfest for elevar og vaksne
Les også
Synnøve og Maren veit akkurat kva skulebygget bør nyttast til vidare: — Dette er ein unik og flott plass

FAU håpar at så mange som mogleg i «Dalen» har lyst å stilla seg opp langs vegen og ta del i markeringa frå kl 18.30.

Artikkelen held fram under annonsen.

På grunn av koronarestriksjonane er det ikkje høve for å invitera breitt til sjølve avslutningsarrangementet på skulen, men skulen og FAU håpar at toget likevel kan verta ei fin markering.

Les også
Rektor Gunnhild Hansen viser stolt fram nye Borgafjell barneskule